søndag 13. desember 2015

Ein heilt vanleg Star Wars-søndag

Ein slapp søndag, som søndagar skal vere. Her ligg vi på sofaen og slaurar i moskeen, og anar fred og ingen fare når luke nummer tretten i Star Wars Lego julekalenderen brått opnar seg og spyr innhaldet sitt mot oss. Kva er det som hender her?! Spør vi, og får ikkje noko svar, fordi vi er åleine.
Kva kan det vere? Kven kan det vere? Er det trygt?

Å nei! Det er ikkje trygt! Det er...

IG-88! Den frykta dusørjegaren som var ein av dei som vart sendt etter Tusenårsfalken og Han Solo i Imperiet Slår Attende! Kva gjer han her?!
Han skuler olmt på oss. Seier ingenting. Ikkje noko meir enn bip. Boop. Blipp. Kva er det han vil?! Kva er det han vil?!

Han vil det desse ein snikmordarrobot i Star Wars-universet alltid vil. Snikmyrde nokon. Dei er så klart ulovlege, men dei dukker opp med jamne mellomrom. Det er alltid eit eller anna fjols som finn ut at å byggje ein robot for å myrde folk meir effektivt er ein sabla god ide. For det har jo aldri slått attende på ein sjølv, nei. Aldri. Ein burde kanskje lært av HK-47 i Knights of the Old Republic?


Jaja, han var i det minste litt sjarmerande. Og det er jo IG-88 òg. Han har heldigvis ikkje med seg våpen.

Eller... å faen... våpna kom i går dei!
Okay, vi har brått litt å gjere i moskeen. Om de ikkje høyrer frå oss i morgon, så har IG-88 fleire liv på samvitet, og vaskepersonalet ein helvetes jobb å gjere.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar