søndag 6. desember 2015

Eit brutalt paradigmeskifte

Stålsett dykk! Dagens luke tok nesten knekken på oss her i moskeen! Dei kan jo ikkje berre gjere slikt?!

Sjekk ut kva eg fann i luke nummer seks!
Ja, okay, det er kanskje ikkje så tydeleg når den er i biter. Og i pose, men det fikser vi. Og som du ser så er dette altså... eh...
Uhm... ja, dette er jo veldig kjend frå Star Wars-filmane. Sant?

Vi vart så klart sittande og lure her i moskeen på kva i all verda dette er for noko, og kva det gjorde på Tatooine. Så forstod vi det. Etter at ein ewok kasta ein stein i hovudet på oss i Star Wars Battlefront. Den høyrer jo ikkje heime på tatooine slik som dei fem førre dingsane gjer! Den høyrer heime på skogmånen Endor!
Aha! Ja, no heng det jo på greip. No er det jo heilt tydeleg at dette er eit ewok våpenstativ. Eller noko slikt. Litt usikker framleis, men vi seier det slik. Det er sikkert med i ei scene som vart klippa ut frå filmane. Eller i Ewok-teiknefilmane. Eller endå betre! Ein Ewok-spelefilmane. Dei var kjekke dei.

Nei. Eigentleg ikkje.

Men dette var eit litt for brutalt paradigmeskifte. Korleis kunne eg ha venta at vi brått skulle vidare til Endor? Alt hadde jo vore på Tatooine så langt! Kan dei verkeleg gjere slikt mot ein stakkars mann utan å varsle han på førehand? Dei kunne jo gjett han eit hint!

Eller at... jo... at kalenderen har terreng frå Tatooine, Endor og Hoth kan ein jo tolke som eit slags hint.
Men dei kunne jo med hell vore litt tydelegare, sant.

Hei vent! Tyder det at det seinare i kalenderen kjem dingsebomsar henta frå slaget på Hoth  i Empire Strikes Back?! Mind blown! Vi må sette oss ned litt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar