tysdag 1. desember 2015

Eit heilt ærleg forsøk på jul

Adventstida er her folkens, og det er på tide med ei lita oppdatering. Mullaen har sidan sist skifta både jobb og kontor, og ventar framleis på å få på plass kontoralteret til Hello Kitty. Fram til då er alt veldig uvant og rart tenkjer vi oss. Her i moskeen er vi ikkje så frykteleg opptatt av kristne juletradisjonar. Vi tolererar dei, men vil gjerne helst ikkje delta sjølv. Det er ikkje det at vi har så mykje i mot han Jesusfyren, heller ikkje Julenissen som vi kjenner personleg, Faktisk var vi særs uroleg her for nokre år sidan då Nissen virka fordufta frå rommet sitt hjå familien på Nordnes.

Det som plagar oss med jula er faktisk heller ikkje alt kjøpehysteriet, folk er jo trass alt folk, lettlurte konsumentar som fortærar universet som termittar på deilig treverk. Heile universet står i fare for å verte slukt av oss om det ikkje var for at vi ein gong i året kunne fråtse i meiningslause innkjøp under påskotet av at ein skulle gje det til nokon andre (i von om å få minst like store ting attende, så klart). Nei, det er ikkje det verste, sjølv om det er eit irritasjonsmoment. Nei, det verste er tvangskosen. All den jævla hyggen. Fyttigrisen. Kva skal ein bitter gamal mulla gjere?

Ein kan jo ikkje gjere anna enn å forskanse seg bak murer og gitter til folk har vaska av seg sine falske smil, fått mandelen i halsen, satt fyr på julegenseren og slutter å mase om Tre nøtter for askepott. Først då er det trygt å komme ut.

Det er ein gong i mellom julaften og nyttår trur eg.

For all del, dei av dykk som hevder å feire ei eller anna hedensk julehøgtid eller hanukkah er ikkje så mykje betre. De er alle irriterande.

Men greit, vi prøver å puste roleg gjennom denne tida. I år vil vi faktisk gjere eit ærleg forsøk på å sette pris på ein juletradisjon. Ein juletradisjon vi ikkje har deltatt på sidan mullaen var ein liten pjokk. Ein juletradisjon som oppsummerar alt jula handlar om.

Dyre ting av plastikk, Lego og Star Wars-leikar. Vi har kjøpt oss ein Star Wars Lego adventkalender. 

Den er tiltenkt aldersgruppe 6 til 14. Så det passer jo heilt perfekt til vår mentale alder. Det er lego for svarte, det er Star Wars. Kva kan gå gale?
Dette ser jo bra ut. Den kosta ei lita formue på ein leikebutikk vi hadde forvilla oss innpå. Vi gjekk derifrå med denne og Star Wars-tannkrem. Star Wars-tannkrem fordi... fordi.... ja, Star Wars, veit du.

Sidan det er første dessember i dag, så er det jo ikkje anna å gjere enn å smelle i gang og opne første luka. Noko som var lettare sagt enn gjort. Dette har ikkje mullaen gjort sidan... eeeh... vi lurar på om muren hadde fallt, men vi er ikkje sikker altså. I gamle dagar hugser vi at julekalenderar kostar 20 kroner og innehald sjokolade, så dette er veldig forvirrande for meg. Dagens unge har jo pakkekalenderar og. Det må eg lage meg sjølv til neste år. Fråtse skikkeleg.

Først var det visst ein klaff som måtte opnast, og det tok litt tid å finne ut av, før eg måtte hamre inn den første luka og erverve min første Star Wars Lego-premie!
Awesome! Som alle kan sjå, så er det ein... eh... ein... uhm... altså, det er ein... Ja, du skjønar det når vi har bygd det, ikkje sant? Det må jo settast saman først.
Yes! Og no er det heilt tydleg at det er ein... altså... ein... ja, du ser jo at det ein... eh... kva i all verda? Er det beina på ei flygande kjelke? Anar ikkje... eg må tydlegvis opne fleire luker for å finne ut av dette.

Så det tyder at vi er nøydd å oppdatere bloggen litt i jula det folkens. Hurra...?

3 kommentarer:

  1. Svar
    1. Jammen, kva pille må eg ta for å sjå det?

      Slett
  2. Fett! Tror jaggu jeg må kikke innom den lokale leketøysbutikken og raske med meg en slik kalender.

    SvarSlett