tysdag 15. desember 2015

Få ut dei store kanonane!

Okay, ein dag att til The Force Awakens har premiere her heime. Det kriblar i magen på alle her i moskeen, og vi byrjar å kjenne oss klare for å sjå kva Jar Jar Abrams skal gjere mot oss og Star Wars-universet. Det er mykje på spel for Jar Jar, han veit at dersom han rotar dette til, så kjem han til å måtte leve med skam og blåmerker resten av livet.

For å vere heilt direkte, så vil Jar Jar Abrams ende opp med å sjå ut som ein av posane i Star Wars Lego julekalenderen. Som dagens:
Og det vil han neppe. For vi er usikker på om han vil kunne settast saman til noko att etterpå.

Innhaldet i dagens luke var ikkje så lett å byggje, men var desto kjekkare når den var satt saman (Sjekk den overgangen då, her snakkar vi litterær kunst! Brageprisen no!).
Det var ein stor peow peow peow til å skyte ned Tusenårsfalken og andre styggingar med. Det kjem frykteleg godt med framover tenkjer eg, etterkvart som folk vert så høge på den nye filmen at dei svever rundt.
Og då kan vi berre:
Og så berre:
Ooops!

Vel, okay... neste gong, Han Solo! Neste gong!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar