onsdag 16. desember 2015

Kven bryr seg om luker i dag?

Vi har sett The Force Awakened.

I dag tidleg. Og mullaen har surra rundt sidan. Han vil ikkje snakke om annan ein filmen. Slik kan det gå.

Men vi har opna ei luke då. Sjå her!

 Kva kan det vere? Er jo berre å byggje den då!

Ein A-Wing. Eit av dei mindre ikoniske skipa i Star Wars. som debuterte i Return of the Jedi under slaget over Endor. Dei var eit eksperimentelt romskip utvikla av Kuat Systems Engineering. Uhyre snøgt og manøvrerbart, og den perfekte matchen for Imperiets Tie Interceptor (Som dukka opp i same film).

Vi såg ikkje så mykje av desse i The Force Awakened, men det er jo lov å vone at dei dukker opp att i seinare filmar? Ein av grunnane til at det ikkje dukka opp var kanskje det at vi fekk ein kanon i går at denne skaut ned A-Wingen då vi satt og leika.

Slik kan det simpelten gå.

Vi har sett The Force Awakened og vi dirrar framleis. Dette var bra.

2 kommentarer:

  1. Ååh, heldige du!! Gleder meg sånn til å se den!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Kinoen er open for alle ;-)

      Mullaen kan varmt tilråde filmen.

      Slett