fredag 11. desember 2015

No snakkar vi skute!

Ålrait! Ny dag! Ny luke! Vi byrjar som vanleg med å vise bilete av posen med figurar. Værsågod!
Ja, der har vi bitane. Og boom så har vi strødd dei rundt oss!
Noko som er kjempelurt, for då er vi garantert å miste ein bit og gjere ting meir spennande. Vi fann den att då. Mellom to sofaputar. So all is well. Med så mange triangelforma bitar så er det jo openbart kva vi skal byggje. Vi skal byggje den bestaste skuta!
Ein Imperial Star Destroyer! Yes! Dette er langt betre enn Jabba sin skiff i første luka. Dette er ei skikkeleg skute. Og sjå den flyr. Og så kan den berre liggje der og sjå ut som ein trekant.
Dette er eit av dei ikoniske skipa i Star Wars, og det andre du ser i A New Hope då den følgjer etter den mykje mindre Corellianske korvetten, Tantive IV, i opninsscena av filmen. Det er kanskje denne scena som i størst grad oppsummerar korleis Star Wars har blitt ein del av vår populærkultur. Scena tok simpelten verda med storm og eksplosjonar. Og svææææære skip. Når ein først ser Tantive IV, så er det stort... men så kjem destroyeren og er enno større, og så detaljert. Akk, ja. Mullaen har varme barndomsminner om dette.

Eg hugser vel likevel at det var litt større. Som med alt anna  her. Eg hugser mellom anna at det var plass til fleire stormtrooperar i ei slik ei skute. Her er det jo ikkje plass til ein einaste.
Tenkjer han vart skuffa no, ja. Her går han våpenlaus rundt og vasar forsvarslaust mellom ewokar og jawaer, og når han først får noko å forsvare seg med, så får han ikkje plass inni. Vel... naud lærar naken kvinne å spinne, seier dei.
Pass opp hårballer! Pass opp skraphandlarar! Og pass opp Marlon Bolletryne! Her kjem stormtrooperen! Vroom! Vroom!

No snakkar vi skute, ja!

2 kommentarer:

  1. Åh! Så liten og søt den er! *SA BRURA!* (Beklager!)

    SvarSlett
    Svar
    1. Judge the ISD by its size, do you? Well, you should not!

      Slett