tysdag 8. desember 2015

Og så det trynet då!

Kanskje seint på dagen dette, men eg lover at luke nummer åtte vart opna i dag tidleg og tatt inn til nøye vurdering, men så måtte vi altså på kontoret og gjere vår plikt. Og her sitt vi framleis. Svolten, kald og åleine og lengter attende til Star Wars Lego-kalenderen. Då er det ikkje anna å gjere enn å varme oss på minnene om kva vi fann bak luka i dag tidleg.

Det var strengt inga stor overrasking at det vi fann såg om lag slik ut.
Vel, det såg iallefall slik ut før vi tok på oss brillene. Det er ein pose med legoting. No shit. Mullaen lurar på om det er temaet i denne legokalenderen. Det ville ikkje overraske oss. Det var heller ikkje noko stor overrasking at kalenderen skulle by oss på ein ewok til å befolke vår kjekke lille ewoklandsby.
 Ja, altså... ewok og ewok. Ewokar er søte. Det er liksom greia deira. Dei er søte små menneskeetenda og imperieplagande bamser. Ein kan meine kva ein vil om deira rolle i Return of the Jedi, dei to påfølgjande ewokfilmane eller teiknefilmserien, men dei er søte. Det er liksom greia deira. Dei går rundt og er søte. Drep stormtroopers. Er søte. Et eit menneske. Er søte. Tilber ein robot. Er søte. Skjønar teikninga? Dei er søte.

Dette ser strengt tatt meir ut som Marlon Brando. Og ikkje den unge stramme Marlon Brando, men den segne gamle gubbe Brando. Og medan han var kul, så var han strengt tatt ikkje søt.

Sjå på han då!
Marlon Bolletryne tenkjer vi at vi døper han. Og dei auga... the horror, the horror. Kva dop er han eigentleg på?

Det dopet han må vere på for å tru at han får plass i landsbyen vi fekk i kalenderen i går.
Seriøst! Er han høg eller? Ikkje hopp!
Okay, den vitsen var billig, men du skjønar kvar vi vil. Han er simpelten altfor stor. Og det siste vi treng er ein gigantisk menneskeetande ewok på syre, som òg er væpna til tenna!
Etter dei mange masseskytingane i Amerika så hadde eg venta at Disney og Lego var pittelitt meir fintfølande.

Men neida, Marlon Bolletryne er klar for ein killingspree på skogmånen Endor. Eg vonar de alle er nøgd. No vil eg ha mat.

2 kommentarer:

  1. Ewoker er faenmeg ikke søte. De er morderiske kannibalbamser! Visste du at de er basert på Vietcong? Eller at språket deres er basert på en avart av mongolsk? Bare vent, i kommende film har rebellene og imperiet slått seg sammen for å bekjempe de pelskledde barbarene før de har spist seg gjennom galaksen!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det høyres veldig riktig ut. Eg har høyrd rykter om at ein av dei komande filmane heiter "The Ewok Caravan of Hatefull Munchies"

      Slett